For abonnentar av Vestavind gjeld desse kjøps- og abonnementsvilkåra:
Abonnementet femner om papiravisa, digitalt via datamaskin, mobiltelefon og nettbrett for deg og husstanden din. Det gir også tilgong til e-avis (papiravis elektronisk).
Vestavind sine kjøpsvilkår
1. Avtalen
Avtalen består av desse salsvilkåra, opplysningar gitt i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtalt mellom partane framfor, så framt det ikkje strir mot ufråvikeleg lovgiving.
Avtalen vil i tillegg bli utfylt av relevante lovføresegner som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar.
2. Partene
Selgar er Vestavind AS - Bygdeblad for Sveio, Sveiogata 72, post@vestavind-sveio.no, 53 74 01 80, org.nr. 943 949 670, og omtales i det følgjande som selgar/seljaren.
Kjøpar er den forbrukaren som gjennomfører bestillinga, og blir omtala i det følgjande som kjøpar/kjøparen.
3. Pris
Den oppgitte prisen for vara og tenester er den totale prisen kjøpar skal betala. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Ytterlegare kostnadar som selgar før kjøpet ikkje har informert om, skal kjøpar ikkje bera. Alle prisane gjeld levering av avisa i Noreg. Utanfor landegrensene gjeld særskilde vilkår. Det er viktig å merka seg at papiravisa kan stoggast mellombels – eller omadresserast i ferien, men abonnementet vil gjelda til full pris uansett. Abonnentane har ved mellombels stogg i leveringa av papiravisa likevel tilgang til dei nye plattformane. Betaling for eitt år om gongen gjev lågast pris per avis.
Vestavind har rett til å gjera endringar i avtalen, inkludert endringar av prisar. Det vil normalt bli ein prisstiging kvart år, frå og med 1. januar. Dei nye prisane blir kunngjorde på nettsida, seinast 14 dagar før iverksetjing. Dei nye prisane blir gjorde gjeldande frå fastsett dato for alle typar abonnement. Ved prisendring vil den nye prisen gjerast gjeldande frå tidspunkt for neste betalingsperiode. Alle prisar blir oppgitte i NOK. Endringar kan gjennomførast utan varsel dersom det er nødvendig for å komma lovpålegg i møte eller forpliktingar overfor tredjepart, under dette rettshavarar.
Ved endringar av betydning kan du seia opp avtalen med verknad frå den dagen endringa trer i kraft. Dersom du held fram med å bruka tenesta etter endringa er tredd i kraft blir du rekna for å ha godteke endringa. Endringar som ikkje er til ugagn for deg, og dessutan årleg indeksjustering av prisane kan skje utan varsel og utan at det gir rett til oppseiing.
4. Avtaleinngåelse
Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har sendt bestillinga si til seljaren.
Avtalen er likevel ikkje bindande vis det er funne skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren i bestillingsløysinga i nettbutikken eller i bestillinga til kjøparen, og den andre part innsåg eller burde ha innsett at det låg føre ein slik feil. Abonnementet gjeld til det vert sagt opp.
5. Betalingen
Abonnement på Vestavind blir betalt på forskot. Seljaren kan krevja betaling for varen frå det tidspunkt den blir send frå seljaren til kjøparen. Du kan velja om du vil ha tilsendt papirfaktura eller nytta betalingsløysingar som e-faktura, avtalegiro eller kortbetaling.
Dersom kjøparen bruker kredittkort eller debetkort ved betaling, kan seljaren reservera kjøpesummen på kortet ved bestilling. Korta blir belasta same dag som varen blir sendt. I Vestavind sitt tilfelle vil du ved bestilling på nett få tilgang til nettavisa umiddelbart.
Ved betaling med faktura, blir fakturaen til kjøparen utskrive ved oppstart av abonnement. Betalingsfristen kjem fram av fakturaen og er på 14 dagar.
Dei som tingar abonnement må vera over 18 år.
Merk at om du betaler på nett ligg med automatisk kortfornying. Om du ligg med faktura vil Vestavind senda abonnementsrekning i god tid før forfall.
Avtale om AvtaleGiro gjeres via din bankforbindelse. Skjema for inngåing av Avtalegiro finn du normalt i nettbanken når du betaler papirfaktura.
Ønskjer du efaktura må du oppgi fødselsnummer til Vestavind. Ta kontakt med Vestavind på 53 74 01 80.
6. Levering
Papiravisa leveres normalt torsdagar – merk at Posten leverer anna kvar torsdag/fredag, digital tilgang er alltid tilgjengeleg og inkludert i alle abonnement. E-avis blir tilgjengeleg på nett på utgivelsesdag frå kl. 06.00. Det er opp til kvar abonnent å få tilsendt innlogging til nettavisa om du ikkje har dette frå før av. Levering har skjedd når kjøparen, eller representanten, har fått tilgang til Vestavind si nettavis eller ved papiravislevering.
Hvis ikkje leveringstidspunkt fremgår av bestillingsløysinga, skal seljaren levere vara til kjøpar utan unødig opphald og seinast 30 dagar etter bestillinga frå kunden. Nett-tilgang skal vera tilgjengeleg så snart betalinga er gjennomført og papiravisa skal leverast neste torsdag så sant bestilling av abonnement er gjort før tysdag, då distribusjonsfilene blir sendt tysdagen.
Avtalt leveringsstad for papiravis må merkast godt slik at avisbodet finn fram. Dersom tilhøva ligg til rette for det, kan avisa etter avtale leverast ein annan stad enn postkassen til abonnenten. Vestavind tek i slike tilfelle atterhald om at leveringsstaden seinare kan bli endra. Skal avisa koma fram i rett tid og leverast på rett stad, må abonnenten syta for tilstrekkeleg lys og brøyting. Arbeidsmiljølova gjeld òg for avisboda. Omberinga må stoppast dersom tryggleiken ikkje er god nok.
Der Vestavind har eigne bod skal papiravisa vera levert seinast innan kl. 09.00. For aviser distribuert gjennom Posten gjeld deira leveringsvilkår. Det kan henda at uføresette ting kjem til og fører til sein levering. Det kan skuldast sjukdom, uvêr, kraftig snøfall, produksjonsproblem, streik med vidare. I dag også samanbrot på nettet, internt, så vel som eksternt. Og me ber om forståing for at slike problem i verste fall kan oppstå.
7. Risikoen for varen
Risikoen for varen går over på kjøpar når han, eller hans representant, har fått varene levert i tråd med punkt 6.
8. Angrerett
Med mindre avtalen er unntatt frå angrerett, kan kjøparen angre kjøpet av varen i henhald til angrerettloven.
Kjøparen må gi seljar melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen byrjar å løpa. I fristen inkluderes alle kalenderdagar. Dersom fristen endar på en laurdag, heilagdag eller høgtidsdag blir fristen forlengd til næraste virkedag.
Angrefristen blir rekna overhalde dersom melding er send før utløpet av fristen. Kjøpar har bevisbyrda for at angreretten har vorte gjort gjeldande, og meldinga bør derfor skje skriftleg (angrerettskjema, e-post eller brev).
Angrefristen byrjar å løpe:
Ved kjøp av enkeltståande varer vil angrefristen løpa frå dagen etter vara er motteken.
Blir eit abonnement selt, eller inneber avtalen regelmessig levering av identiske varer, løper fristen frå dagen etter første sending er motteken.
Består kjøpet av fleire leveransar, vil angrefristen springa frå dagen etter siste leveranse er motteken.
Angrefristen blir utvida til 12 månader etter utløpet av den opphavlege fristen dersom seljar ikkje før avtaleinngåinga opplyser om at det ligg føre angrerett og standardisert angreskjema. Tilsvarande gjeld ved manglande opplysning om vilkår, tidsfristar og framgangsmåte for å nytta angreretten. Sørgjer den næringsdrivande for å gi opplysningane i løpet av desse 12 månadene, går angrefristen ut likevel 14 dagar etter den dagen kjøparen fekk opplysningane.
Ved bruk av angreretten må vara leverast tilbake til seljaren utan unødig opphald og seinast 14 dagar frå melding om bruk av angreretten er gitt. Kjøpar dekkjer dei direkte kostnadene ved å returnera vara, med mindre anna er avtalt eller seljar har late vere å opplysa om at kjøpar skal dekkja returkostnadane. Seljaren kan ikkje fastsetja gebyr for bruken til kjøparen av angreretten.
Kjøpar kan prøva eller testa vara på ein forsvarleg måte for å fastslå arten, eigenskapane og funksjonen til vara, utan at angreretten fell bort. Dersom prøving eller test av vara går utover kva som er forsvarleg og nødvendig, kan kjøparen bli ansvarleg for eventuell redusert verdi på vara.
Seljaren er forplikta til å betala tilbake kjøpesummen til kjøparen utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå seljaren fekk melding om avgjerda til kjøparen om å nytta angreretten. Seljar har rett til å halda tilbake betalinga til han har fått varene frå kjøparen, eller til kjøpar har lagt fram dokumentasjon for at varene er sende tilbake.
9. Forsinkelse og manglende levering - kjøpernes rettigheter og frist for å melde krav
Abonnenten pliktar å melda frå om manglande eller feil levering innan rimeleg tid. Vestavind si plikt til erstatning er avgrensa til den perioden det er gjort feil, og prisen på abonnementet i tilsvarande periode, anten det er papirleveranse eller nett. Manglande papiravis vil verta etterlevert innan rimeleg tid.
Forseinka avis vil normalt ikkje gi erstatning. Har du tilgang til avisa digitalt vil ikkje uteblitt papiravis ved eventuelle leveringsproblemer bli erstatta. Men me vil likevel prøve så godt me kan og få etterlevert avisa på best mogleg vis.
Dersom seljaren ikkje leverer vara eller leverer den for seint i henhald til avtalen mellom partane, og dette ikkje skyldes kjøparen eller forhold på kjøparens side, kan kjøparen i samsvar med reglane i forbrukerkjøpslovens kapittel 5 etter omstendigheitene halde kjøpesummen tilbake, kreve oppfyllelse, heva avtalen og/eller krevja erstatning frå seljaren.
Ved krav om misligholdsbeføyelser bør meldinga av bevisomsyn vera skriftleg (for dømes e-post).
Oppfyllelse
Kjøpar kan halda fast på kjøpet og krevja oppfylling frå seljar. Kjøpar kan likevel ikkje krevja oppfylling dersom det ligg føre ei hindring som seljaren ikkje kan overvinna, eller dersom oppfylling vil medføra ei så stor ulempe eller kostnad for seljar at det står i vesentleg misforhold til interessa til kjøparen i at seljaren oppfyller. Skulle vanskane falla bort innan rimeleg tid, kan kjøpar likevel krevja oppfylling.
Kjøparen taper retten sin til å krevja oppfylling om han eller ho ventar urimeleg lenge med å fremja kravet.
Heving
Dersom seljaren ikkje leverer vara på leveringstidspunktet, skal kjøparen oppmoda seljar til å levera innan ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling. Dersom seljar ikkje leverer vara innan tilleggsfristen, kan kjøparen heva kjøpet.
Kjøpar kan likevel heva kjøpet omgåande viss seljar nektar å levera vara. Tilsvarande gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåinga av avtalen, eller dersom kjøparen har underretta seljar om at leveringstidspunktet er avgjerande.
Blir vara levert etter tilleggsfristen forbrukaren har sett eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåinga av avtalen, må krav om heving blir gjord gjeldande innan rimeleg tid etter at kjøparen fekk vita om leveringa.
Erstatning
Kjøparen kan krevja erstatning for lidd tap som følgje av forseinkinga. Dette gjeld likevel ikkje dersom seljaren godtgjer at forseinkinga kjem av hindring utanfor seljars kontroll som ikkje innanfor rimelege grenser kunne vorte teke i betraktning på avtaletida, unngått, eller overvunne følgja av.
10. Mangel ved varen - kjøperens rettigheter og reklamasjonsfrist
Viss det ligg føre ein mangel ved vara må kjøpar innan rimeleg tid etter at han vart oppdaga eller burde ha vorte oppdaga, gi seljar melding om at han eller ho vil visa til mangelen. Kjøpar har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 mnd. frå mangelen vart oppdaga eller burde vorte oppdaga. Reklamasjon kan skje seinast to år etter at kjøpar overtok vara.
Dersom vara har ein mangel og dette ikkje skuldast kjøparen eller forhold på kjøparens side, kan kjøparen i samsvar med reglane i forbrukerkjøpsloven kapittel 6 etter omstenda halda kjøpesummen tilbake, velja mellom retting og etterlevering, krevja prisavslag, krevja avtalen heva og/eller krevja erstatning frå seljaren.
Reklamasjon til seljaren bør skje skriftleg.
Retting eller omlevering
Kjøparen kan velja mellom å krevja mangelen retta eller levering av tilsvarande ting. Seljar kan likevel motsetja seg kravet til kjøparen dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller gir seljaren urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal gjennomførast innan rimeleg tid. Seljar har i utgangspunktet ikkje rett til å gjennomføra meir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.
Prisavslag
Kjøpar kan krevja eit passande prisavslag dersom vara ikkje blir retta eller omlevert. Dette inneber at forholdet mellom nedsett og avtalt pris svarer til forholdet mellom verdien av tingen i mangelfull og kontraktsmessig stand. Dersom særlege grunnar taler for det, kan prisavslaget i staden setjast lik betydninga av mangelen for kjøparen.
Heving
Dersom vara ikkje er retta eller omlevert, kan kjøparen også heva kjøpet når mangelen ikkje er uvesentlig.
11. Selgarens rettigheter ved kjøperens mislighold
Dersom kjøparen ikkje betaler eller oppfyller resten av pliktene etter avtalen eller lova, og dette ikkje kjem av seljaren eller forhold på seljaren si side, kan seljaren i samsvar med reglane i forbrukerkjøpsloven kapittel 9 etter omstenda halda vara tilbake, krevja oppfylling av avtalen, krevja avtalen heva og dessutan krevja erstatning frå kjøparen. Seljaren vil også etter omstenda kunna krevja renter ved forseinka betaling, inkassogebyr og eit rimeleg gebyr ved uhenta varer.
Oppfyllelse
Seljar kan halda fast på kjøpet og krevja at kjøparen betaler kjøpesummen. Er vara ikkje levert, taper seljaren sin rett dersom han ventar urimeleg lenge med å fremja kravet.
Heving
Seljar kan heva avtalen dersom det ligg føre vesentleg betalingsmisleghald eller anna vesentleg misleghald frå kjøparen si side. Seljar kan likevel ikkje heva dersom heile kjøpesummen er betalt. Fastset seljar ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling og kjøparen ikkje betaler innan denne fristen, kan seljar heva kjøpet.
Renter ved forsinket betaling/inkassogebyr
Dersom kjøparen ikkje betaler kjøpesummen i samsvar med avtalen, kan seljar krevja renter av kjøpesummen etter forsinkelsesrenteloven. Ved manglande betaling kan kravet, etter førre varsel, bli sendt til kjøpar. Han/ho kan då bli halde ansvarleg for gebyr etter inkassolova.
Gebyr ved uavhentede ikke-forskuddsbetalte varer
Dersom kjøparen lèt vere å henta ubetalte varer, kan seljar belasta kjøpar med eit gebyr. Gebyret skal maksimalt dekkja det faktiske utlegget til seljaren for å levera vara til kjøparen. Eit slikt gebyr kan ikkje belastast kjøparar under 18 år.
12. Garanti
Garanti som blir gitt av seljaren eller produsenten, gir kjøparen rettar i tillegg til dei kjøparen allereie har etter ufråvikeleg lovgiving. Ein garanti inneber dermed ingen avgrensingar i retten kjøparen har til reklamasjon og krav ved forseinking eller manglar etter punkt 9 og 10.
13. Personopplysningar og marknadsføring
Innsamling og behandling av personopplysningar vil skje i samsvar med Vestavind si til kvar tid gjeldande Personvernerklæring. Som abonnent og så lenge du er å rekna som ein «aktiv kunde» vil du kunna få nyheitsbrev og andre tilbod via e-post, post, sms eller telefon knytt til tenesta, såframt du ikkje ved teikning av abonnement eller i seinare korrespondanse har valt å reservera deg mot dette. Me reknar deg for å vera «aktiv kunde» i 13 månader etter siste aktive abonnement. Du kan når som helst kontakta Vestavind for å reservera deg mot bruk av opplysningar i marknadsføring, eller nytta deg av reservasjonsløysingar eller avmeldingslenkjer i dei førespurnadene du får.
Denne personvernerklæringa fortel om korleis Vestavind samlar inn og bruker personopplysningar. Vestavind, ved dagleg leiar, er behandlingsansvarleg for behandlinga for verksemda av personopplysningar. Der det daglege ansvaret er delegert, kjem det fram under kvart enkelt punkt. Erklæringa inneheld opplysningar du har krav på når det blir samla inn opplysningar frå nettstadene våre (personopplysningslova § 19) og generell informasjon om korleis me behandlar personopplysningar (personopplysningslova § 18 1. ledd).
Behandling av personopplysningear på vestavind-sveio.no
Daglig leier har ansvaret for Vestavind sine behandlingar av personopplysningar på vestavind-sveio.no med tilhøyrande undersider. Det er frivillig for dei som besøkjer nettstaden å oppgi personopplysningar i samband med tenester, til dømes å få nyheitsbrev eller senda inn påmelding til arrangement. Behandlingsgrunnlaget er samtykke frå den enkelte, med mindre anna er spesifisert.
Opplysningar som blir samla inn i samband med drift av nettstad, blir lagra på eigne serverar som blir drifta i nettskyen. Det er berre Vestavind og leverandøren vår Appex som har tilgang til opplysningane som blir samla inn.
Nettstatistikk
Vestavind samlar inn avidentifiserte opplysningar om besøkjande på vestavind-sveio.no. Formålet med dette er å utarbeida statistikk som me bruker til å forbetra og vidareutvikla informasjonstilbodet. Døme på kva statistikken gir svar på, er kor mange som besøkjer ulike sider, kor lenge besøket varer, kva nettstader brukarane kjem frå og kva nettlesarar som blir nytta.
Opplysningane blir behandla i avidentifisert og aggregert form. Med avidentifisert siktar ein til at me ikkje kan spora opplysningane me samlar inn tilbake til kvar enkelt brukar.
Informasjonskapsler
Cookies – eller «informasjonskapslar» – er ein standard teknologi som stort sett alle nettstader nyttar i dag. Cookies er små tekstfiler som blir lagra på datamaskina di. Filene inneheld informasjon om til dømes innstillingar du gjer på nettstaden, teknisk informasjon om eininga du bruker, kva sider på nettstaden vår du besøkjer, og korleis du navigerer mellom dei ulike sidene.
Følgende informasjonskapslar brukes på vestavind-sveio.no:
Vestavind bruker Google Analytics for å analysera bruken av nettsidene. Google Analytics bruker cookies. Informasjonen som blir generert av ein slik cookie ved bruk av vestavind-sveio.no blir send til Google og lagra på serverar i USA. Google bruker denne informasjonen til å vurdera bruken av nettstaden, samanlikna rapportar om aktiviteten på nettstaden, og for å yta andre tenester i tilknyting til aktivitetar på nettsida og bruk av Internett. Google kan også overføra denne informasjonen til tredjepartar dersom lovgivinga skulle krevja dette, eller i tilfelle der tredjepartar handterer informasjon på vegner av Google.
Vestavind lagrar informasjon om kva søkjeord du nyttar i søkjeverktøyet på vestavind-sveio.no. Formålet med lagringa er å gjera informasjonstilbodet vårt betre. Bruksmønsteret for søk blir lagra i Google Analytics.
14. Konfliktløsning
Klager blir retta til seljar innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal prøva å løysa eventuelle tvistar på minneleg vis. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukartilsynet for mekling. Forbrukartilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 400 600 eller www.forbrukertilsynet.no.
Europa-Kommisjonens klageportal kan også brukast viss du ønskjer å inngi ei klage. Det er særleg relevant, viss du er forbrukar busett i eit anna EU-land. Klaga inngis her: http://ec.europa.eu/odr.
15. Opphavsrett
Alt offentleggjort materiale, dvs. tekstar, artiklar, nyhende, fotografi, grafikk og anna, vert gjort tilgjengeleg for vising og lesing. Abonnenten kan lasta ned, og skriva ut ein einskild kopi av materialet til eige bruk. All annan bruk, kopiering, distribusjon, eller vidaresal av innhaldet i Vestavind er forbode.
Dersom abonnenten brukar Vestavind sine tenester på ulovleg vis, har Vestavind rett til å stenga tilgangen til abonnenten utan opphald. Alvorlege brot på opphavsretten vil verta melde til politiet.
16. Deling av abonnement
Det er viktig å merka seg at den juridiske eigaren av abonnementet er den som har teikna det. Det tyder at Brukar-ID og passord til Vestavind sine digitale produkt ikkje må delast med andre enn dei som er i abonnenten sin eigen husstand, på hans/hennar opphaldsadresse. Standard tilgang er eit avgrensa tal på påloggingar.
Dersom ein deler brukar-ID og/eller passord med andre, eller på andre måtar utnyttar Vestavind sine tenester, har avisa straks høve til å stenga abonnenten sin tilgang til desse. Abonnenten vil då mista tilgangsretten til dei produkt og tenester ein måtte ha kjøpt tidlegare.
17. Endring i abonnement
Frå tid til annan kan det vera trong for å endra adressa. Det kan vera fast eller berre i ferien. Dette kan du gjera på nettet sjølv. Du må då bruka både brukarnamn og passord som også gjeld dei digitale kanalane. Du kan og kontakte Vestavind. Endringar i adresser må me ha innan kl. 12.00 tysdagar om det gjeld for same veka. Det er mogleg å endre abonnement frå komplett til digital eller omvendt om det er ønskeleg. Du står sjølv ansvarleg for å halde dine personlege opplysningar oppdatert.
18. Endring i tenesta
Vestavind har rett til å gjera endringar i tenesta sitt innhald og funksjonalitet utan førehandsvarsel. Innhald og funksjonalitet som er tilgjengeleg når du bestiller tenesta er ikkje nødvendigvis tilgjengeleg på eit seinare tidspunkt.
19. Oppseiing av abonnement
Abonnement løper til det vert sagt opp. Manglande betaling vert ikkje rekna som oppseiing. Abonnementet kan seiast opp kva tid som helst med minst sju dagars varsel, men abonnementet løper ut perioden det er førehandsbetalt for. Oppseiinga skal skje skriftleg til post@vestavind-sveio.no eller du kan sjølv gå inn på «min side» og velje «stopp abonnement». Har du betalt med kort og ligg med automatisk fornying må du sjølv sørge for å stoppe abonnementet før fornying av abonnement. På «Min Side» på nettstaden finn du ei oversikt over ditt abonnement og varigheita av inneverande abonnementsperiodar. Viss ikkje anna er avtalt ved bestilling blir abonnementet fornya automatisk ved utløp av den avtalte perioden med ei lengd lik den førre med mindre du seier opp eller endrar abonnementet. Viss ingen avtaleperiode er avtalte, spring abonnementet til det blir sagt opp. Oppseiing kan skje på «Min Side» eller ved å kontakta Vestavind. Dersom du har avtalt fast avtaleperiode vil oppseiinga gjelda frå utløpet av den faste avtaleperioden.